Sondre Dahl Kasland gler seg til å starte på vidaregåande.

Sondre (16) visste tidleg kva skuleval han ville ta. – Å skru litt og å demontere likar eg godt

Vest-Telemark vidaregåande skule fekk 36 fleire elevar på hovudinntaket i år enn i fjor. Sondre Dahl Kasland frå Seljord er ein av dei som har fått plass ved skulen. 

220 elevar fekk plass gjennom houvudinntaket. Det er 36 fleire elevar enn i fjor. Årsaka er at dei på Dalen har fått ein ny teknologi- og industrifagsklasse (Tip).

– Teknologifag er veldig populære, seier Marianne Follaug som er inntaksleiar i Telemark fylkeskommune. 

Ho seier at ventelistene er lange på desse linjene. Til Tip på Dalen var det 30 plassar,  og 42 søkarar, forklarar ho. 

– Gler meg til å starte

Sondre Dahl Kasland i frå Seljord er ein av dei 220 elevane som har kome inn på Vest-Telemark vidaregåande skule.  Han skal gå Tip.  Noko han gler seg mykje til. 

– Eg har store forhåpningar, seier Kasland. 

Sondre Dahl Kasland fikser ein klippar, han fortel at han tidlegare har skifta dekk.

Kasland seier at valet stod mellom Dalen og Lunde, men at han valte skulen i Vest-Telemark fordi då kunne han bu heime. 

– Så det blir pendling med buss, seier han. 

Han fortel at interessa for å byrje på Tip starta på slutten av niande klasse. Då hadde dei arbeisdveke på skulen. 

– Eg skulle eigenleg til nokon andre for å jobbe, og så gjekk ikkje det likevel, så då fekk eg jobb på Kviteseid Motorservice, seier han. 

Der treivst han veldig godt. Og han fekk til og med sommarjobb ut av det. 

– Å skru litt og å demontere likar eg godt,  seier Sondre om sommarjobben han no har andre året på rad. 

Han seier at det han likar best er å løyse problem. 

81 prosent kom inn på førstevalet

I ein pressemelding meldte Telemark fylkeskommune at 81 prosent av søkarane kom inn på førstevalet sitt til vidaregåande skule. 

7. juli fekk elevane svar om kvar dei har fått plass. 94 prosent av søkarane fekk tilbod om skuleplass. 

Yrkesfaga er veldig populære. 61 prosent søkte seg til yrkesfag, 39 prosent til studieførebuande utdanningsprogram. 

Dei som framleis ikkje har fått tilbod om skuleplass, og har ungdomsrett, vil få tilbod om plass ved siste inntak 4. august. 

Powered by Labrador CMS