
På sporet av ein gamal meister
Dei sirlege utskjeringane var i ferd med å bli viska bort av vind og vêr. Nå er dei dokumenterte for ettertida.
– Av og til må ein gjere ting før det er for seint, seier Boni Wiik.
Saman med kollegaer frå Treskjærerverkstedet AS, som ligg på Fornebu, rykka han ut til garden Aamdal Heimistog på Åmdals Verk for å undersøke og dokumentere treskurden på eit gamalt bur der.

Det er Anne Aamdal Scheie og Trond Scheie som bur på garden.
– Og me kallar dette for Lislebur, fortel dei.
Bygningen, som er datert til å vere frå 1604, er freda. Og på svalen er det flotte utskjeringar som nå er i ferd med å bli viska bort.
– På tide
Ekteparet hadde fått støtte frå fylkeskommunen til restaurering av det gamle buret. Restaureringshandverkar Jørn Berget, som hadde ansvar for restaureringsarbeidet, vart oppteken av den gamle treskurden og meinte det hadde vore fint å få undersøkt den nærare av ekspertar. Og slik kom treskjerarane, som Berget meiner er blant dei fremste i landet, inn i bildet. Med støtte frå Telemark fylkeskommune har dei nå vore på Aamdal Heimistog og sett på utskjeringane og dokumentert dei for ettertida.
– Og på Aamdal var det verkeleg på tide, seier Wiik.
For mange stader var utskjeringane nå så viska ut at det var vanskeleg å sjå dei.

Ved hjelp av lyssetting frå ulike vinklar, og ved å kjenne med fingertuppane, har dei undersøkt utsmykkingane. I tillegg til å teikne av all ornamentikken, har dei òg kartlagt det meste av verktøya som har blitt bruka. Utsmykkingane meiner dei er frå 1700-talet, og dei viser klare parallellar til dekorasjonar på bur både på Gåstjønn og Berge gard som ligg i det same området.

Wiik fortel at det på Norsk Folkemuseum også står to enorme svalgangsstolpar med svært lik ornamentikk. Og eitt av spørsmåla dei nå stiller seg er om det er den same meisteren som har gjort desse utskjeringane.
Laftestokkar frå 1200-talet
Under undersøkingane oppdaga dei òg at svillene på lislebur var laga av gjenbrukte laftestokkar frå mellomalderen, truleg frå ei ombygging av loftet frå 1200-talet som òg står på garden, berre nokre meter unna.
– Og merkeleg nok verkar det som om utskjeringane i dei 700 år gamle materiala har stått seg betre enn dei som berre er 250 år gamle, seier Wiik.
Utskjeringane strekkjer seg ut over alle stolpane og svillene i svalgangen, og ned på grima under buret. Det er sirlege, slanke blomsterrankar som slyngjer seg, ramma inn av blondekantar med halvsirklar og bordar i åttetalsform.
– Utskjeringane verkar svært umiddelbare. Ein får eit sterkt inntrykk av kunstnaren si skaparglede og det tempoet han har arbeidd i. Det har gått unna, og ein ser at han ikkje har brukt tid på å finpusse linjeføring og detaljar for å oppnå perfekt balanse. Det gjev ein dynamikk til ornamentikken, som gjer at ho nærmast vibrerer og verkar levande, og ikkje blir statisk og stiv, seier Wiik.

Sjølv om ornamenta på bura på Aamdal, Gåstjønn og Berge er nokså identiske, ser han at det er kvalitetsforskjellar i arbeida. Dersom det er den same kunstnaren har han nok blitt flinkare med åra.
Nærare undersøking av verktøyspora gjev også svar på kva for reiskap treskjeraren har bruka. Og Wiik meiner han har nytta seg av forbausande få verktøy. Både på Aamdal Heimistog og Berge ser det ut til at dei har utført skurden med tre eller fire enkle jern.
– Det veit me fordi Treskjærerverkstedet tidlegare har rekonstruert store delar av ornamentikken på Berge, og slik – gjennom praktisk arbeid – funne ut kva verktøykasse kunstnaren hadde tilgang til, fortel Wiik.
Kunstverk
Restaureringshandverkar Berget er glad for at dei gamle utsmykkingane nå er dokumenterte. Slik vil det vere mogleg å gjenskape arbeidet i framtida når utskjeringane er heilt borte.
– For dette er jo kunstverk, seier han.
Berget meiner Øvre Telemark er rik på gamle utsmykkingar.
– Ein skulle kanskje tru at dei hadde nok med å brødfø seg og skaffe varme og klede på denne tida, seier han.

Men handverkaren ser stadig døme på at dei også hadde overskot til å gjere utsmykkingar på husa sine.
Dette er også ekteparet på Aamdal Heimistog imponerte over.
– Dette var jo ikkje naudsynt, berre veldig flott. Dei var opptekne av at det skulle vere fint, seier dei.